Til kassen
Totalt: 0
Handlekurv / 0 produkter

Handlekurven er tom

Usikker på hvor du skal starte?
Se våre nyheter
TOTALT 0,-

Om oss

Det var ein gong ein avløysar som heitte Gunn. Ho kom som beredskapsavløysar under coronaepidemien til sauefjosen til Jon oppi Nummedal og hjalp til under lembingi. Gunn heldt på å drukna i den fantastisk deilige ulla til sauene og lambi og kjende at ullkvaliteten i denne flokken var so bra at ulla burde vore nytta til noko spesielt. Ho drøymde lenge og vel om denne fantastiske ulla før ho tenkte at "nei, no må det skje noko her!"

Ho skjønte fort kven ho skulle få med seg på dette ull-eventyret, ho tenkte på Siri. Siri var nemleg storesyster til Randi, besteveninna til Gunn si vetlesyster Hilde. Gunn visste difor at Siri hadde masse kreativ kunnskap og kom frå ein handverksfamilie. I tillegg kjende Gunn på masse uforløyst kreativt potensiale ved å vera handverk- og designinteressert utan å få bruka det saman med likesinna,og spurde Siri ganske so "rundt"; "kan det kanskje vera at du muligens kunne tenkt deg å vera med meg og laga noko med ull? Og du kan få vera sjef..." "Er det slik stikkete ull som klør?" spurde Siri. "For det driv eg ikkje med"  "Nei, dette er den finaste crossbreed-ulli frå Norsk Kvit Sau. Eg trur me kan få fint garn som er lett og mjukt og spenstig" sa Gunn. 

Og dermed var Myrudl-eventyret i gang...