Strikkefastheit: 22 masker på pinne 3-4. 290 m/100 g.
Dette fargepartiet har fyrst vore farga gult av løk, og er farga i det andre badet i fargesuppa, derav L2 i fargenummeret. Deretter har det blitt farga på nytt i det andre badet i fargesuppa med blåtre, derav B2 i fargenummeret.
LØK
«Allium cepa»
Det tørre skalet av gul løk/kepaløk gir varme gule nyansar. Med eit vanleg løkforbruk i heimen tek det litt tid å samla nok skal til å farga større mengder garn. Me «ryddar» difor ofte i løkkassane på butikken for å få litt fortgang i innhaustinga… Hjelp oss gjerne med det!
BLÅTRE
«Haematoxylon campechianum»
Blåtre er eit tre som veks naturleg i Mellom-Amerika og Mexico. Kjerneveden vert flisa opp og ein kan kjøpa blåtre både som trefliser og finmalt. Fargeemnet vart ei av Spania sine største importvarer til Europa etter «oppdaginga» av Amerika. Blåtre gir blå og blålilla fargar, men ein kan og «dra» fargen mot brunt og svart med ulik beis og etterbad.