POTTEBLÅ
For å farga blått treng ein t.d. indigopulver. Indigo løyser seg ikkje i vatn, ein treng difor ei anna væske for å kunne frigjere fargestoffet. Før i tida oppdaga ein at urin var godt egna som denne væska. Blåfargen ein fekk med denne fargemetoden vart kalla potteblått.
Potteblått vert laga ved at ein samlar urin og let det stå lunt og tildekka nokre dagar. Deretter vert det tilsett ein blanding av indigopulver og eddik og denne blandinga skal stå lunt til det gjærar. Garnet kan ligga over natta i badet og det kan badast fleire gonger for å få mørkare farge. Garnet må skolast godt og hengast til lufting for å få vekk eventuell lukt.