Til kassen
Totalt: 0
Handlekurv / 0 produkter

Handlekurven er tom

Usikker på hvor du skal starte?
Se våre nyheter
TOTALT 0,-

Strikkefastheit: 22 masker på pinne 3-4. 290 m/100 g.

Garnet er farga med reinfann frå Voss, 1. fargebad, og deretter farga med kochenille.

REINFANN

«Tanacetum vulgare»

Reinfann veks ofte i grøftekantar langs vegen og er lett å få tak i. Den har ein dekorativ blomsterklase med gule «knappar» og ein kan bruke både stilk, blad og blomst, men mest farge er det i blomsterklasane.

Reinfann gir gul farge i ulike nyansar, avhenging av styrken på fargeemnet og beisinga av garnet.

KOCHENILLE

«Coccus cacti»

Kochenille gir raude, rosa og lilla fargar. Det er eit av fargestoffa me må kjøpa. Kochenille er ei tørka ho-lus som lever på Nopaela-kaktusar, blant anna på Kanariøyane. Dei vert børsta av kaktusane med pensel og tørka, og deretter knust til pulver. Kochenille er eit av dei mest lysekte fargestoffa ein kan få. Det er eit dyrt fargeemne, til kvar kilo går det med 140 000 lus. Fargestoffet heiter karmin og vert brukt i kunstnarfargar, kosmetikk og i matproduksjon (E120). Farging med kochenille er spennande, fargestoffet er særs ømfintleg for ph og kan difor gi litt utfordringar, og gryter og reiskap må reingjerast med eddik før bruk. Men samstundes gir ulike ph-verdiar mange variasjonar i fargen, frå rosa og raude nyansar, og vidare til lilla fargetonar.

Reinfann og Kochenille A/RF1/2/KN3-24

På lager
Art.nr: Reinfann og Kochenille A/RF1/2/K
120,-
Vennligst velg
Frakt kr. 73,-

Rask levering

×